Tarjei Dale sette inn sitt tredje mål for Sogndal, og Sogndal sitt tredje for dagen. Dermed vart det tre poeng med heim til Sogndal frå Notodden. Kampen enda 2-3.
Heimelaget gjekk opp til 1-0 etter nokre få minutt, men tidlegare sogndalspelar Jukka Hakkala (sjølvmål) og Håvard Flo ordna 1-2 stilling før kvarteret var gått. Det resultatet stod seg fram til det var eit kvarter igjen. Då utlikna Notodden, og det såg ut som det skulle bli poengdeling i Notodden...
...men då dukka Tarjei opp på eit innlegg frå Valtter Laaksonen.
No står Alta for tur på Fosshaugane. Dei vann i dag 3-0 mot Moss!
Oppretta:08.09.2008